|
Å finne på namn til ein katt er kje lett, det.
Du tenkjer ut eit; trur det duger med det.
Du trur kanskje lett at det skortår på vettet
når eg kviskrar deg no at ein katt må ha tre.
Aller først kjem eit namn som ein katt hører dagleg:
Vi har Petter, Kristoffer, Kanari og Ramn,
eller Viktor og Jonatan, Biff og Bedag'leg,
alle fornuftige, vanlege namn.
Vi har flottare namn om du trur dei er betre,
somme for kjetter og somme for menn.
Vi har Platon, Asparges, Elektrikk, Misære,
men alle er namn som går ofte igjen.
Og eg veit jo at kattar treng namn som er herlege,
kjærlege, ærlege, helst noko sers.
Koss elles kan katt få ein katts uunnverlege:
Blesten i barten med halen til vérs?
Av namn av det slag kan eg gi deg ei samling:
Vi har Monkistapp, Kvakkskor og Koriopatt,
vi har Bomfallerina og Smokkate-Gamling,
namn som aldri er brukt på meir enn ein katt.
Mellom himmel og jord er det eit namn igjen no,
og det er eit namn som du ikkje får med,
eit namn som ein lærd er på leit etter enno,
berre katten sjølv veit, og han teier med det.
Om du øygnar ein katt som du trur mediterer
og spør meg, så har eg alt svaret i hamn:
Den katten du såg er eg viss på funderer
på ein draum, om ein draum, om ein draum om sitt namn:
eit ufatteleg, fatteleg
fattogufatteleg
djupt og forunderleg katteleg namn.
Annepanneflekk Back to top
Vi har ei pussig kattemor,
ho heiter Annepanneflekk.
Ho har ein pels i fargeflor
så prikkeblå og tigerfrekk.
Om dagen sitt ho musestilt
i trapp og gang og gjennomtrekk
Ho sitt og sitt og sitt og sitt ...
Slik er ho, Annepanneflekk.
Men når ein dags masing og kjasing er still,
så har Panneflekks jobb nesten ikkje tatt til.
Når folk har fått lagt seg og dei snorkar om kapp,
så held ho i serken og trår kjellarens trapp.
Ho er grueleg redd for kva musene gjer,
for dei ter seg kje bra, og moralen er sær.
Så når ho kjem ned og får hysja ned latter,
så lærer ho mus eit musikkspel om katter.
Vi har ei pussig kattemor,
ho heiter Annepanneflekk.
Ho likar vanleg kattefór,
får mykje ros og aldri smekk.
Ho sitt i sol urikkeleg
som skipper på sitt eige dekk.
Ho sitt og sitt og sitt og sitt . . .
Slik er ho, Annepanneflekk.
Men når ein dags masing og kjasing er still,
så har Panneflekks jobb nesten ikkje tatt til.
Når ho innser at mus dansar dårleg ballett
trur ho grunnen er grei: dei har galen diett!
Og ho byrjar å koke og steikje og bake,
og som første rett får dei kattefotkake.
Den neste blir lapskaus med muskat og dill.
Og ho syng mens dei et: "Sjå, de kan om de vil!"
Vi har ei pussig kattemor,
ho heiter Annepanneflekk.
Ho tuklar med ei slåbroksnor
og trevlar opp så langt ho rekk.
Ho likar seg på peis og skap,
ho har kje spor av høgdeskrekk.
Ho sitt og sitt og sitt og sitt . . .
Slik er ho Annepanneflekk.
Men når ein dags masing og kjasing er still,
så har Panneflekks dag nesten ikkje tatt til.
Ho trur kakkerlakkar må arbeide trutt
for at latskap og synd skal ta endeleg slutt.
Så ho gjorde ein flokk av ustyrlege kre
til speidarar, alle med reinvaska kne.
Dei fekk meiningsfullt liv: "Ver parat og ver snill!"
Og ho skreiv attpåtil "Kakerlakkanes Drill"!
La oss rope hurra for vår Annemor Katt
som held orden i huset kvar einaste natt.
Hurra! Hurra! Hurra!
Han Rom Tom Tapper Back to top
Han Rom Tom Tapper er ein merkeleg katt:
Om du trur eg har lopper, så seier eg lus.
Når du kallar meg for pus, vil eg heller heite katt.
Når du kallar meg for katt, vil eg berre vera pus.
Om du kjøper meg eit hus, vil eg heller bu i kratt.
Har eg budd i kratt ei natt, vil eg heller bu i hus.
Han Rom Tom Tapper er ein merkeleg katt.
Ja, eg veit det, og eg seier eg står ved det.
Og han blir dessverre verre.
Ja, det er ikkje stort å gjera med det.
Han Rom Tom Tapper er ein vanskeleg kar.
Når du tar meg inn, vil eg heller gå ut.
Når du tar ein med brus, tar eg heller ein bar.
Når du kallar meg for vær, vil eg heller vera stut.
Eg kosar meg i eit badekar,
men eg går heilt i spinn om det kjem ein sprut.
Han Rom Tom Tapper er ein merkeleg katt.
Ja, eg veit det, og eg seier eg står ved det.
Og han blir dessverre verre.
Ja, det er ikkje stort å gjera med det.
Han Rom Tom Tapper er ein sjømann i land.
Mitt lettbeinte liv er ein god gammal vane.
Om du byr meg på fisk, får eg alltid lyst på and.
Når eg ikkje kan få fisk, er det rein sjikane.
Om du byr meg litt smør, blir det fres og kves,
for eg likar best det eg sjølv finn av mat.
Så du finn meg sikkert med smørete fjes
om du gøymer det høgt i eit hyllefat.
Han Rom Tom Tapper er liv med litt leven.
Han Rom Tom Tapper bryr seg lite om kjæling.
Men eg fyk deg i fang der du strevar attmed veven,
for eg gøyar meg med rot og litt grueleg vræling!
Han Rom Tom Tapper er ein underleg katt.
Ja, eg veit det, og eg seier eg står ved det.
Og hari blir nok berre verre.
Ja, det er ikkje stort å gjera-med, a-mi, a-med det!
Siam-Ella, vår stjernekatt Back to top
Sjå katta der
som nøler stilt imot deg
og ei lysande dør
som grin imot ho lik eit flir.
Du ser at kåpa er kje ny,
så grå av støv og sand,
og du ser at augnekroken svir . . .
vridd lik ei kroket nål.
På gata dreiv ho på fleire plan . . .
frå ein avfallsplass til grannens altán.
Ho trekte omkring i øydemark
mellom grått hospits og kommunens park.
Ein konstabel sa med konstabelsk ro:
"Trur mest det var best ho drukna seg no."
Kven trur vel ho som gjekk ute i natt
er Siam-Ella vår stjernekatt?
Bastian Bull, ein klubbanes katt Back to top
Bastian Bull er rund som ein null,
på langt nær ein tynnhøvla pjatt.
Han går kje som gjest på kaféar for fest,
for Bull, han er ein klubbanes katt.
Lik ein prektig marki skrir han sakte forbi
i ein frakk som er lekker og svart.
Ein finn jo dessverre for sjeldan slik herre
med slik ein fortryllande bart!
Han er gatenes pryd,
han er damenes fryd,
er ein sann kavalér av ein katt!
Særleg dei som er eldst nå,
syn'st om å bli helst på
av Bastian Bull med høg hatt.
Av turar er den likaste den
til skolen for dei rikaste,
og det er ulovleg her
for kjetter og menn å ta med både den
og den gamle L'Ecole Populaire.
Og med same slags tanken danderer eg manken
hos frøken Barbetta frisør.
Og blir natta litt lang,
har eg klubbrestaurant
som er verdskjend for sniglar med smør.
Når det lir imot jakt-tid, veit eg nøyaktig
kven serverer dei lekraste bein.
Og like før lunsj plar det passe med punsj
på min kjæraste klubb, "Nitti-ein".
Om eg går fort forbi deg, er dører på vid vegg
og ei duft av gås er det som trekker.
Er det sørgjeleg kveld, tar eg graven makrell.
Og raka forell, åh, så lekker!
Ja, slik er det liv som ein Bastian driv.
Og som matkatt så er han eit funn!
Det er ikkje så rart at litt etter kvart
har han blitt litt mistenkjeleg rund.
Han er nitti gram tyngre enn da han var yngre,
og han legg jo litt på seg kvar dag.
Trass i alt går det glatt, fordi eg har hatt
faste vanar i heile mi tid.
"Eg skal tikke og gå mange år før eg går."
Det var ord frå vår stoltaste katt.
Vi ønskjer ein vår, ein god vår i år
for Bastian Bull med høg hatt!
Burmaharry og Rampentussa Back to top
Burmaharry og Rampentussa
er eit berykta og dugeleg par
som klovnar som fell,
saltomortalarar,
toppsjonglørar med høg hasard.
Vi er blittberømt' litt meir enn vanleg,
Vi bur i hus med ein rik antikvar.
Det er berre ein plass der vi sitt og planlegg
dei spennande turar ein omstreifar tar.
Det er mange vi veit har sett oss flykte
frå Villa Vy og Baronens Palé.
Vi har samla oss slettare ry og rykte
enn anstendige kattar vil vera ved.
Dersom berre eit vindauge står på gløtt,
og ein kjøkkenbenk er blitt fri for kjøtt,
og ein stein kjem laus på naboens tak
så regnet i senga blir vassverksak,
om ein skuff er blitt tømt
og dei må på fest
og dei finn kje kleda dei likar best,
og etter middag, kjefting og gnål:
dottera saknar ei hattenål -
da ropar mor og far: "Det er katten, det kre!
Var det Burmaharry eller Rampentussa?"
Som regel så blir det berre med det.
Burmaharry og Rampentussa
har meir enn i kjeften enn mange vil tru.
Vi kan klatre på vegger på langs og på skrå.
Og til valspråk brukar vi: "Knabb og gå!"
Vi bur i hus med ein rik antikvar.
Vi har kje vanlege faste jobbar.
Vi er høflege kattar som gjerne tar
ein prat med konstablar rett før vi robbar.
Første juledagsmiddag - Å, kva er fagrare!
Alle veit at dei blir kje magrare:
Ribbe med svor, poteter og saus.
Og kokka kjem inn som var stuten laus
og seier med røyst som har dalt ned i skjul:
"Det kan kje bli middag før annandag jul!
Dei har rappa ribba mi! Koss kan det skje?"
Da ropar mor og far: "Det er katten, det kre!
Var det Burmaharry eller Rampentussa?"
Som regel så blir det berre med det.
Burmaharry og Rampentussa
har eit spennande liv og bra karriere.
Kan hende du seier det må vera hell.
Kan hende du seier det kan vera veret.
Vi fer gjennom huset lik oskorei
og dei spør kven uroar nattero.
Er det Burmaharry? Eller Rampentussa?
Eller kanskje dei sver at det er begge to?
Og når det syng i flasker og glas,
og noko frå kjøkkenet ramlar i knas,
når nede frå stua kjem ein slags "ping",
frå ein vase som fell og kallar seg Ming,
da ropar far så sint: "Å, kjem dei no att!
Galne Burmaharry og Rampentussa!"
Og så blir det med det også no her i natt!
Gamle Profetikus er ein poet.
Han er katt som har levd fleire liv enn dei fleste.
Han er vidkjend for ordtak, er kattars profet,
og var som ein Moses for pus på sitt beste.
Gamle Profetikus var ein sjarmør,
han gravlagde koner; eg tru nittitre,
og hans talrike avkom har gjort det dei bør,
og dei fleste er stolt' av sin rimande smed.
Når ein ser denne milde og blide poetikus
der han sitt og får sol på ein prestegardsmur,
da seier ein olding litt håst: "Ja, eg trur
det ... må vel vera ... Nei! ... Jo!
A-ha!
Ser kje bra ...
Kan hende er hugsen min ikkje så god,
men eg trur det er Gamle Profetikus."
Gamle Profetikus sitt frå det gryr
ved torget ein torgdag og følgjer litt med.
Kjem geiter som mekrar og brautande kyr,
passar gjetarar på at den vise får fred.
Blir fortauet truga av buss og av bil,
kjem det straks opp eit skilt om at gata er stengt
slik at ingenting ugreitt forstyrrar ein kvil,
og Profeten får tenkt det han ikkje har tenkt.
Slik ein kvil er så god for fordøying hos kattepus.
Han bør kje forstyrrast i tida for lur.
Og så seier ein olding litt håst: "Ja, eg trur
det ... må da vel vera ... Jo! ... Nei!
A-ha!
Ha det bra.
Kan hende er hugen min ute av lei,
men eg trur det var gamle Profetikus."
Kan hende er skrotten hans skjør, men vi bør
fara varleg med gamle Profetikus!
Om det store slaget Back to top
mellom Daksar og Terriar
og samstundes nokre ord
om dei andre som slost der,
nokre Bassar og Biglar,
og kva han gjorde med det, Ron Røvarkatt.
Små Bassar og Biglar er sjeldan i ro,
dei likar kje lukta av annanhunds blod.
Men det hender dei ligg der, mette og mo.
Pekingesar og Daks som vi seier er sky,
dei mislikar slåsting, har likevel ry
for å koma til dans om nokon vil by.
Det går
vov vov vav vav
vav vav Vov Vov
som første signalet til bikkjenes show.
Men no sjølve soga om bikkjenes spel:
Det er mogleg dei keia seg nesten i hel
(ei veke er lang for ei bikkjeleg sjel).
Den grå Politihunden var kje på plass,
eg veit ikkje kvifor, men naboen trur
han låg på Stasjonen og tok seg ein lur.
Så gata var ledig for Bigel og Bass
da dei endeleg kom, og stod tass imot tass,
stod pal som om begge forlangte eit pass,
og dei flekte litt tenner og knurra i trass.
Så byrja dei:
Vov vov vav vav
vav vav Vov Vov
Og dei som sat ned' no med te, fekk kje fred.
Alle veit, sjølv om mange er uenig' i
at ein Basse sitt heimland er fransk Normandie.
Så da fleire Bassar fekk teften av bråk,
kom Bassar i døra i annankvar kåk,
og dei pludra i veg med sitt nordfranskespråk,
for ein franskmann som lever i framand regi,
han må alltid få vovve ein fransk melodi.
Men ein Bigel er langt mindre trassig og sår,
han har levd i sitt heimland minst fem hundre år.
Det finst hundar av mange slags rasar:
Chihuava, Hriard, Pomerán,
Retrivar, Saluki, Alsassar,
Maltesar og Kvit Afrikaan,
Shih Tzu, Samojed og Kaukasar
og Afganar frå Øvre Iran.
Pass no på, du som masar og sjefar sånn,
eg kan òg vera bisk og spontan,
for eg heiter no Pink Pekingesarson!
Om du trugar, så tar eg kje tran!
Så kom terrierskokken som likar å bite,
dess mindre dei er, dess meir vil dei slite.
Dei hadde med pipe i sekk og dei spelte:
"Å, vår Dronning Maria, kom att!" før dei vrælte.
Pekingesar og Dakshund fann tone og ord
på tak og veranda i sjølvblanda kor.
Så gøy
med litt gjøy
som gjekk:
Vov vov vav vav
vav vav VOV VOV
som toppen av bikkjenes krigarske show.
Mens desse så modige heltane ivra,
så stansa trafikken og jorda, ho bivra.
Og høgt oppå hemsen sin vakna ein mann
og ringde 018 og sa det var brann.
Da plutseleg var det at bikkjene skvatt,
for opp av ein kjeller kom Ron Røvarkatt.
Eit augnepar lyste lik trugande loger,
og bikkjene stod der lik usagde soger.
Ron geispa og blunda og lyfte på halen,
ein katt kan kje sjå ut meir bustut og galen.
Så stirte han om att og pussa på barten
mens Bassar og Biglar stod vakne påfarten.
Han gjorde eit byks, denne sterkaste pus:
Alle bikkjer stakk unna lik vettskremde mus.
Så kom politihunden att og gjekk vakt
og såg ikkje noko av det eg har sagt.
Sjellikar skal og hundar skal.
Terriar skal og kattar skal
lik kjær og venn bli jord igjen.
Sjellikars ballsong Back to top
Ein Sjellikarkatt er kvit og svart.
Sjellikarkatt blir aldri stor
Sjellikarkatt har Sjellikarbart,
og likar seg best når han syng i kor
Ein Sjellikarkatt har mjuke potar.
Sjellikarkatt har kvasse klør
Vi vil ha orden i alt vi rotar
Vi ventar på månen som aldri før.
Ein Sjellikarkatt har vakne sansar
Sjellikar-katt har tigerblikk.
Sjellikar spring og dett og dansar
fandango og samba til kattemusikk.
Og mens vi ventar på måneskin,
sleikjer vi pelsen som pusingar bør.
Pusingar pussar snuten sin.
Pusingar kvesser sløve klør . . .
Ein Sjellikarkatt er gul og grå.
Sjellikarkatt er i Sjellikarklikk.
Sjellikar tittar på to på tå.
Sjellikar tittar med måneblikk.
Vi dovnar oss godt etter morgonfløyten.
Vi dovnar oss godt heile dagen lang.
Vi samlar på pepp og gir berre døyten
i alt utan tanken på kveldens can can.
Ein Sjellikarkatt har sjeldan hatt.
Sjellikarkattar er alltid dus.
Om det skulle bli regn og storm i natt,
ja, så finn vi nok plass i eit Sjellikarhus.
Når vi ligg der i sola par om par,
kan du seia: "De gjer ikkje det de skal!"
Men vi svarar: "Ni sparar det sprelske vi har
til vår Sjellikardans på vårt Sjellikarball!"
Små timar så lykkeleg . . .
Vi levde så mykje,
men sakna tyding.
Kjem vi nær til ei tyding
kjem det vi før levde
i eit heiltanna lys
langt bakanom tyding.
det å vera lykkeleg.
... Det levde livet
som blir attlevd i tyding
er ikkje oppleving
av berre eitt liv,
men av mange slekter før oss,
talar òg om alt som truleg
alltid er heilt uty'eleg.
Månen ...
Vend deg roleg mot månen,
og la minne få ha deg!
Ver kje redd eller sky!
Finn du spor av ei tid
du kalla lykkeleg liv,
kanskje håpet kjem på ny.
Gess er ein katt ved teatret si dør.
Han heiter ... eg burde vel sagt det litt før,
han heiter Asparges, men det gir slik stress
å få sagt, så vi kallar han berre for Gess.
Han eig ikkje nåla. Og helsa er svak.
Han er skjelven på poten. Og skrotten er vrak.
Før var han blant kattar det smartaste ess.
Men no seier sjølv mus at han er kje meir tess.
Nei, han er kje den katten vi veit at han var
da han hadde eit namn og eit feitt honorar.
Men han trivast blant venner i klubben dei har.
(Dei held til i ein binge bak nærmaste bar.)
Når andre betaler, så tar han ein tår
og svarar med soger frå rikare år.
For han har vore stor, ein Thalias pilar.
Han har spela i lag med dei beste vi har.
Han fortel utan skam etter sjuande knert
om ei rekkje rekordar i pipekonsert,
om den kjæraste rolla han nokon gong song:
ein Fallifofullah i "Faraos Fång".
Eg har spela om lag alle roller som finst,
og eg kunne vel samstundes ti av dei, minst.
Eg har improvisert og sufflert mens eg song.
Eg var stormen i "Stormen" og slo på gongong.
Eg overtok roller frå Gluck til Lehar,
etter to timars pugg stod eg påkledd og klar
med ei røyst som fekk mjukna den råaste sjel
om no rolla var helt eller helten sin træl.
Eg fekk passe Mor Åse da Gynt hadde gått,
eg var katta i sekken som Per hadde fått.
Eg var meister med halen og stø akrobat,
var eit år på turné med "Den Storstøvla katt".
Men mi gjævaste rolle for nokon salong
var Fallifofullah "Faraos Fång".
Og når soger blir lange, og drinkar kjem tett,
tar han til å fortelja om Lady Macbeth,
for ho ville ha katt (helst ein ny instruktør).
Slik fekk Gess debutere som Shakespeare-aktør
Våre vaksne gir kattungar feil medisin,
for dei unge i dag manglar heilt disiplin.
Den gong EG stod i kor og song feil, fekk eg smekk.
Men i dag skal ein helst vera lettvint og frekk.
Og han klør seg og mumlar i labert humør:
"Nei, teater er ikkje det same som før.
Ei nymotens framsyning kan ha fasong,
men eg høyrer det finst kje ein kveld som den gong.
da EG fekk min glorie
og skreiv historie
som Fallifofullah i "Faraos Fång".
Eg har gått på gesimsar i høg foajé
for å berge eit barn mens teatret brann ned.
Og eg trur nok eg enno kan meir enn folk flest
når det gjeld å få frese vekk Rosmer sin hest.
Eg har spelt Tiger Brumme, kan gjera det no,
kan gjera det no
kan gjera det no ...
Balladen om Billy Mekrá Back to top
Å, så godt som eg hugser det eldgamle hus
med ei kro som var heimen for den som fór vill,
der det viktige hende med fjørlege brus
av di verten, herr Vick, var så tåleg og mild.
Eit koseleg hus. Men det var papegøyen!
Det var papegøyen, han Billy Mekrá
som fekk kroa alltid så full.
Ja, han var eit kroa sitt gull!
På ein laurdag ein kveld
satt vi støe som fjell,
og Lilly La Mink (ho som stelte med drink),
ho sa: "Billy! Billy Mekrá!
Å, dans no på disken der!
Dans no Mekrá!"
Og Billy han dansa så bra.
Ja, Billy han dansa så bra.
Vi kjende oss sæle, og kvar tenkte sitt.
Og så tinga vi øl og ein skvett akevitt.
Å, ho Lilly var jente med vett og forstand!
Ho visste så vel at ein mann er ein mann.
Om ein prøvde med hint
eller fann på litt fark
så svara ho straks med eit bomsikra spark,
og kan hende du fekk deg ein øyrefik først.
Men når ein var munter og lite grann tørst,
og når ein var tørstig og lite grann trist,
tok ho glasset og dunka i disken som sist
og sa: "Billy! Billy Mekrá!
Å, dra no ein låt på din gamle gitar!"
Og Billy fekk låt på sin gamle gitar.
Ja Billy fekk låt på sin gamle gitar.
Vi kjende oss sæle og gret kanskje litt.
Og vi tinga meir øl og eit glas akevitt.
"Billy! Billy Mekrá!
Å, dra oss ein låt på din spanske trumpet!"
Og Billy fekk låt i sin spanske trumpet.
Ja, Billy fekk låt i sin spanske trumpet.
Vi kjende oss sæle og gret ganske litt
og vi tinga meir øl, og ein halv akevitt.
"Billy! Billy Mekrá!
Å, dra oss ein låt på din gamle gitar,
så skal du få alt vi har!"
Lokosjekk, ein jernvegsskatt Back to top
Lokosjekk, ein jernvegskatt.
ein katt som tar tog kvar natt.
Det blir kviskra ganske heitt
langs perrongen klokka eitt
rett før snøgg- og nattog skal gå:
"Kvar er Loko? Har han sprunge
for å finne fasters unge?
Kjem han ikkje, så må toget stå."
Togets førar, billettørar, og ein dokter og hans dotter
flyr og leiter det dei kan.
"Loko; du må vera snar no!
Om du ikkje snart er klar no,
blir vi ampre alle mann!"
Klokka er no eit null ein,
(og ho plar jo vera sein).
Passasjerane finn togmoralen slak.
Han kjem slentrande som før,
stansar opp og kvessar klør,
han har sjekka all bagasjen bak.
Utan dust av pral
gir han klarsignal,
og ein togmann skrik: "Ta plass!"
I ei blåsvart natt tøffar tog og katt
på ei ferd mot framand verd.
Lokosjekk, ein jernvegskatt,
ein katt som tar tog kvar natt.
Du kan seia det som så,
det er han som passar på
når eit nattog er i tralt.
Konduktørar, dei som smørar
og ein togeleg forførar -
han har auga med på alt,
praktisk talt.
I dei tronge gangar går han.
På ein gjennomgang så får han
sikker peiling på litt folk - og litt fe.
Når han slik kan patruljere
er det lett å kontrollere
at det gale som kan hende får kje skje.
Når han ser at auga blenkjer,
er han viss på kva du tenkjer,
og han er kje nøgd og blir ofte sur,
særleg når ein gjest vil feste,
derfor søv dei aller fleste
når ein Lokosjekkar tar sin fastetur.
Ver kje vond og frekk mot Lokosjekk,
for han likar best å halde fred.
Så, kven er kje fjåg på ei reis med tog
når Lokosjekk reiser med?
Siste turen han var med,
fekk alle bra kupé
med kvart namn skrive pent på ein lapp.
Alt i kottet var så nytt,
tøy på køyene var bytt,
og den som skulle øvst, hadde trapp.
Det var lys av alle slag;
kunne gjera natt til dag,
og ei vifte skifte lufta om du naus.
Vesle vasken var så søt (er
der du vaskar fjes og føter),
og ein brytar gav dei varme om dei fraus.
Mens dei venta på godnatten,
kom ein kelner inn - med katten:
"Skal det vera noko varmt? Eller kva!"
Og han som stod ved sida,
hadde visst det heile tida
kva paret der på køya ville ha.
Vesle vasken var så søt
(er der du vaskar fjes og føter),
og ein brytar gav dei varme om dei fraus.
Mens dei venta på godnatten,
kom ein kelner inn - med katten:
"Skal det vera noko varmt? Eller kva!"
Og han som stod ved sida,
hadde visst det heile tida
kva paret der på køya ville ha.
Da dei hadde lagt seg i kvar si køy
og breidd på seg sengetøy,
så burde dei tenkt litt og takka pus
og visst at dei ikkje trong reddast for mus
når dei hadde med segslikt nyttig kre:
ein katt som tar tog kva natt.
Når han spelar bas og vakt,
er han topp til siste akt.
Blir han tørst, så tar han helst ei skål med te -
med ein liten dråpe gin
nar ferda går mot vér og vind.
Men han let kje noka fluge fly i fred.
Da vi kom til første stopp,
stod ingen av dei opp,
så ingen såg han tusle på perrongen,
Og stasjonens meister sa:
"Ha det bra!" da toget drog.
Og han halevinkadjø til kompanjongen.
I Talmila tre presis
snust' han godt på ein polis
i fall han hadde lukta lunta rett før slutt.
Da dei kom til Hengjedal
hadde ingen noko val!
Han Lokosjekk han sjekka alle ut.
Og han gav dei ein svins
med sin brune svans
som sa: "Eg ser deg jo att!"
Tar du tog no og då
vil du sikkert sjå
ein katt som tar tog kvar natt.
Han Makkentass, han Makkentass,
han kallast "Gøymde Klør".
For han er største skurken vår,
han gjer ein borgar skjør.
Og han lurar kriminalpolisen
ganske kriminelt
da sist dei gjekk dit ran var meldt,
var Makkentass, psst - vekk!
Han Makkentass! Han Makkentass!
han er ekspert på bruderov.
Han bryt kvar lov som skriven står,
ja, til og med ein tyngdelov.
Men når dei kjem med kjeppar
og vil ha Makk i sekk
og drar så fort dit vondt er gjort,
er Makkentass psst - vekk!
Du kan be ein flokk å leite,
enda sokne i ein bekk,
ag du veit dei kjem med same svar:
"Han Makkentass? Psst - vekk!"
Han fører seg som herremann.
Men for eit lurva liv!
Alle potavtrykk har han tatt att
frå Krimmens botsarkiv.
Når kjøkkenskap er plyndra,
og eit smykkeskrin er robba,
og fløyten er gått fløyten
og ei bikkje til er mobba (!)
og når drivhusglaset singlar,
og ein kylling døyr av skrekk
spring dei til, men no som før
er Makkentass, psst - vekk!
Han Makkentass! Han Makkentass!
Det finst kje katt lik Makkentass.
Han er ein rev i kattepels,
han gassar seg med gås til kvelds,
han har alltid alibiet klart,
i forhøyr er han frekk,
og må ein dommar ut og strø,
er Makkentass, psst - vekk!
Når utanriksdepartementet
finn at brev er vekk,
og Marinen saknar teikning
til ein ubåt- (kven er lekk?)
Når så skandalen er blitt kjent
og står i blad som gjelds:
"Der må vore Makkentass!"
Mer han er dratt til fjells.
Ver du viss på at han kviler seg,
har kanskje tent seg eld,
eller prøver på den store
multiplikasjonstabell.
Han Makkentass! Han Makkentass!
Det finst kje katt lik Makkentass.
Det er kje fødd ein kar som har
så lunefullt eit augnepar.
Han har alltid alibiet klart,
han er nok fødd for frekk.
Og når dei kjemdit ran er meldt,
er Makkentass, psst - vekk!
Det blir sagt at alle katter
som har lett for synd og mein
(eg kan nemne Burmaharry,
Rampentussa, Grillebein)
er berre små spionar
for ein tapp som alt har tatt
full kontroll med op'rasjonar:
skurken Makkentass; KONG KATT!
Han Makkentass, han Makkentass,
det finst kje katt lik Makkentass.
Han er ein dårleg kattegast,
ein heilt forderva fusentast.
Du kan sjå han midt på torget.
Du kan sjå han bak ein hekk.
Men alltid når eit ran er meldt,
er Makkentass, psst - vekk!
Han Makkentass er fin og brun
og høg og snøgg og tynn.
Han har auge lik ei gaupe
med ei glo av gammal synd.
I panna har han grublespor,
og tenna er kje pleidd.
Sjaketten har fått frynsefór
og barten er kje greidd.
Han rører skolten sakte rundt
lik slangen før han høgg.
Men ingen slangar fangar han.
Til det er Makk for gløgg.
Han Makkentass! Han Makkentass!
Det finst kje katt lik Makkentass.
Det må vel vera erveleg
å leva så forderveleg.
Du kan sjå han midt på torget,
du kan sjå han bak ein sprekk.
Men prøver du å slå han ned;
er Makkentass, psst - vekk!
Meister Metrøffelis Back to top
Du må møte Meister Metrøffelis!
Denne stamfar til tryllande katt
som er her kvar trollande natt
og tryller på trollkattars vis.
Blir han vekk', vil han trylle seg att.
Han lammar alt med karateblikk.
Han har tatt patent på dei fleste trikk.
Han kan skapa ei mengd illusjonar
som har fengd over ni millionar.
Dei beste av trollmenn kan lære seg litt
av Meister Metrøffelis' tryllevisitt!
Presto!
Og så syng vi: Vi
tar og fyller
glas og hyllar
ein katt som tryllar
lik magiske Meister Metrøffelis!
Han er roleg, han er stutt, han er svart
heilt frå snuten til halen sin tipp.
Han kan ta fleire fluger i fart.
Han kan gå på ein karm utan glipp.
Han er racer i flygande start
og fortryllar eit rotete hus.
Han er satans til lurekatt
slik at snart trur du at
han berre lurar på mus.
Han kan klatre til topps i et siv.
Han finn heim utan kart og kompass.
Om du ser etter skei eller kniv
som du ikkje kan sjå er på plass -
du har sett dei no nyleg, men no er dei vekk!
Men du finn dei i mai på ein plen bak ein hekk.
Presto!
Og så syng vi: Vi
tar og fyller
glas og hyllar
ein katt som tryllar
lik magiske Meister Metrøffelis!
Han ter seg litt fjern og distré
lik den blygaste guten i skolen.
Men han mjaua i går i eit tre
da han låg i ro her stolen.
Og det hender han mjauar i stolen
når han sitt og syng i eit tre -
(det er ikkje pjatt, vi høyrde ein katt)
Det er sikkert prov på nett det
at hans magiske makt er enorm.
Eg har ropt og vore så redd
for katten i kveldar med storm -
mens han låg og sov på eit pledd!
På julaftan trylla vår trollande katt
sju kattungar opp av ein bestefars hatt!!
Og så syng vi: Vi
tar og fyller
glas og hyllar
ein katt som tryllar
lik magiske Meister Metrøffelis!
Midnatt...
Alt er stilt her ikring meg.
Har no månen gløymt bort seg?
Han ser flirande ned.
Lys frå lykter finn spor av natt
og visnande blad,
og det blæs i nakne tre.
Minnest
heilt aleine med månen.
Eg må le når eg minnest:
Å, så vakker eg var!
Eg må spørja meg sjølv
om kjærleik var berre leik.
Eg får svar frå gøymde år.
Kalde gatar varslar tap.
Men minnedraumen blånar.
Byen vaknar, alle lykter spaknar.
Den mørke natta grånar.
Dagning -
Eg må vente på dagen.
Eg vil ikkje gi opp no.
Eg vil ikkje bli tynt:
Når det lysnar,
vil natta bli eit minne ho òg,
og eit nytt liv har begynt.
Bitter røyk frå brende døgn,
mi eiga løgn brenn verre.
Små veglys døyr no,
snart er natta over.
Ein ny dag ser eg demre.
Hald meg!
Det er lett å gå fra meg
og la meg stå aleine
med eit liv eg har blødd.
Om du held meg
vil du få sjå kva kjærleiken er.
Sjå, ein ny dag blir no fødd!
Mot dei blånande loft Back to top
Opp Opp Opp frå dei grånande laft.
Opp Opp Opp Opp mot dei blånande loft.
Opp Opp Opp frå dei grånande laft.
Opp Opp Opp Opp mot dei blånande loft.
Av kattar finst det mange slag,
og eg, eg meiner no om lag:
Du treng kje vera særleg klok
om du vil skjøna kattens hug.
Du har no lært av katt og meg
at kattar liknar meg og deg
og fått ein gløtt av kattevett
og lært dei fleste av namna rett
og kva vi driv med dag og natt.
Kva gjer du om du sjølv får katt?
Først hjelper eg deg ein sekund
og seier: KATT ER IKKJE HUND.
Ein hund, han let som han vil slåst.
Han gaular fælt, men bit kje kvasst.
Ein vanleg hund med gjøy og spel
er trass i alt ei enkel sjel.
Han jagar ikkje tróst og star.
Han har sitt beste ry som narr.
Han er for ofte litt for feig.
Han er ein slave nokon eig.
Han finn seg pent i skjenn og smekk
og ligg for alt som ropar: "Dekk!"
Ein vanleg hund tar ingen risk,
han tigg seg mett ved kvar ein disk.
Så eg må seia om att at
Ein hund er hund. EIN KATT ER KATT.
Det står i kattars huspostill:
"Hald tett til du blir snakka til!"
Så sant! Og derfor vil eg tru
at den som helsar først, er du.
Men ikkje trø så altfor nær
hans dyrebare eigne verd.
Eit bukk, så tar du av din hatt
og helsar på han slik: "O KATT!"
Men før ein katt vil gi igjen
og rekne deg som trufast venn,
så bør du vise du set pris
på vennen - med litt fløyteis
og andre godter, om du har,
litt gåseplukk og biff tartar,
litt russisk kaviar er bra.
(Du lærer fort kva katten vil ha.)
Og så er skatten vel i hamn,
og du kan gi han namn.
Ein katt har krav for seg og slekt
på slike teikn på respekt.
Og det var det, om ditt og datt.
Slik gjer du når du sjølv får katt.
Så gjer ditt bukk og hev din hatt
OG HELS DIN KJÆRE KATT GOD NATT!